top of page

Omtale av Grungebro hotell i avis og bok i 2019

Din er et populært valg blant bedrifter og tech-sider. Det er også en god font å bruke for å skape titler på siden som gir effekt.

190622_klipp_varden.jpg

22. juni 2019 hadde avisa Varden eit to siders oppslag om Grungebro hotell. Høvet var eit møte som Vest-Telemark Museum hadde invitert til i samband med deira arbeid med eit arkiv for privat arkivverdig materiale. I samband med det arbeidet såg ein at ein vanta oversikt og materiell over dei gamle småhotella langs ferdselsvegane i øvre Telemark. Grungebro hotell er eit døme på desse hotella. Den gode dokumentasjonen av hotellet og utviklinga via turistheim til vandreheim på denne nettstaden, m.a. gjennom det Tone har skrive ned, gjorde at ein fann å nytt nettopp Grungebro hotell som døme. 

ferdslaoverhaukeli_omslag.jpg
Bok om ferdsla over Haukeli

Ein som har samla dokumentasjon om m.a. hotella frå Dalen over Haukeli, er Ragnvald Christenson, Han har gitt ut ei fin bok på eige forlag, som omhandlar ferdsla over Haukeli. Boka femner altså vidare enn berre hotella langs leia. Det er fleire forfattarar som bidreg med artiklar om dei ulike emna, om alt frå bygginga av vegen over fjellet på slutten av 1800-talet og soga om Telemarkskanalen til omtale av Reisehaandbog over Norge.
På sidene 73-78 er det omtale av Grungebro hotell, skrive av Tone. Deretter fylgjer tre sider om Bruspårmarken, skrive av Aslak Nordstoga med referanse til far hans, Knut Norstoga, og andre eldre folk som hadde opplevd Bruspårmarken. 
Boka er å finne i butikkar mange stader i Telemark, ja sogar i nabofylket i Røldal og Odda, og kan tingast hjå Ragnvald Christenson, ragnv-c@online.no eller tlf 916 63 922.

bottom of page