Kvinneperspektiv, tidsånd

av Tone Svalastog Garnes
 

Godt kvinnehandverk frå nyare tid, siste århundra, er å finne i mange heimar i Vinje, men kva veit folk flest eigentleg om produkta, materiale og handverket?

Mange kvinner utførde framifrå handverk, men lite sa dei sjølve, og heller lite sa andre om det.

Vi veit etter kvart ein del om spelemenn, dansarar og kvedarar, smedar og tømrarar, - men tekstile arbeid og utøvarar både i vev og td  rosesaum, har fått lita merksemd.

Kvinnehandverk frå nyare tid, 1900-2000, er eit svært stort, omfattande og viktig tema som kunne vori interessant å arbeide meir med. 


Eg har valt ut ein person, Gudbjørg Kvammen. Materialet her, er i hovudsak det materialet eg hadde med i ei utstilling i 2005 på  Mjonøy kultursenter om nettopp Gudbjørg sitt arbeide.

Gudbjørg og sysken

Gudbjørg Kvammen var fødd i Vinje 17. mai 1901 og døde 88 år gamal på Vinje helsesenter i 1989. Mor hennar var Gunhild (frå Flothyl), andre kona til far Olav Vågslid.

Gudbjørg var femte barnet i ein stor syskenflokk. Det var Bjørgulv, Gunnhild, Guri, Olav, Torjus og Gunvor. Dei tre siste døde alle tidleg, Torjus som barn, berre sju år gamal,  og Gunvor i ungdomen, og Olav gjekk på lærarskulen då han var sjuk og døde.

Dei fire som levde att var ulike, men stod kvarandre nær. Dei budde spreidde ein del år, men vart etter kvart alle buande på Kvammen i Edland. Ingen av dei gifte seg, men levde som vaksne frittståande menneske side om side.

I tillegg til dei nemnde syskena, hadde Gudbjørg fire halvsysken på Gunvaldjord, Harald, Tone, Åsne og Gunhild, som syskena i Kvammen var nært knytt til. 

Oppvekst og oppseding

Systera til Gudbjørg, Gunhild, 

har skrivi slik om kvardagen deira:

Påliteleg, ærleg i ord og gjerd,

slik skulle ein vera i all si ferd.

Då pliktene ikkje ein gløymde.

Ros fekk godleik og tolmod.

Udygde stykke ein måtte`kje gjera,

usselt det var å udygde vera,

kanskje var straffa i vente.

 

Mykje arbeid var det nok ,
men og rom for å vera barn:

Me slo og breidde, med riva raka.

Gutungane laut lære slå,

med stuttorvljåen dei svinga på

som vaksne karar dei var å sjå!

Når sevja steig i trei,

var seljelfløytetid,

då var me med å lauva i vene bjørkelid.

Gutane skar gilde fløyteemne,

den svadde dei i middagskvila,

neste dag gav ljod,

då var det lentug fløytelåt i skogen


Og slik skriv Gunhild om mellom anna sundagane:

Bøker og far høvde godt saman. Sat mykje og las om kveldane og i fristunder.
Han var interessera i teologiske utgreiingar, las kyrkjesoge og lika godt når presten kom.
Då fekk han kveikjande samtaler.

Sundag var ein gild dag for den som var liten. Arbeid var forbode, berre hjelpe til med mat
og husstell, og halde eit auga med dyra!

Sundagar det ikkje var messe, las far teksti med preike og salmer til. Då laut alle inn frå leik og skibakke. Vanskeleg mang ein gong, det hjelpte at me song salmer. Å halde heilag var mykje meir og vanskelegare enn å berre kvile frå arbeidet."

f.v. Guri, Gunhild (andre kona til Olav), Gunvor. Bak Gudbjørg og Bjørgulv.

Daning og skulegang

Far deira sette ”åndelege” verdiar høgt. Det gav retning for livet, og verdfulle ”puff” for borna  til å koma seg ut. Sjølv om det var harde tider, ivra han for at alle barna, både gut og jente, skulle ta utdanning. Vilje, pågangsmot og økonomi  måtte og til. 

Bjørgulv var eldst og skulle drive garden. Han las seg mykje til kunnskap på eiga hand, men tok brevkurs i ymse emne. Han var veldig, veldig snill. Stilte store krav til eige arbeid, eller innsats om han fekk eit verv. Då han vart vald inn i landbruksnemnda, melde han seg på brevkurs i norsk, måtte kunna uttrykke seg greit og rett skriftleg og munnleg.   

Gunhild gjekk lærarskulen, tok seinare tilleggsutdanning i norsk i Trondheim. Var i fleire år lærar i Søndeled.

Guri gjekk på Statens Kvindelige Industriskole i Oslo på Lærerindekurset. Ho reiste rundt og  heldt kurs blant anna i Fauske og Hof i Vestfold. Ho arbeidde og ei tid på arbeidsstoga ved Dikemark sjukehus.

Gudbjørg gjekk på Statens Kvindelige Industriskole frå 1925 til 1927. Fyrste året Prydsaum, andre året Mønsterteikning.

Etter det, arbeidde ho ei tid ved husfliden Heimen i Oslo.

Halvbroren Harald vart lærar i Haukeli-Edland livet ut.

Halvsystera Tone gifte seg svært ung, fekk inga utdanning men vart den som sytte for mange etterkomarar.

Gudbjørg, hennar rom og virke på heimgarden Kvammen

Gudbjørg var stille og beskjeden. Ho let alltid andre koma fyrst, sette alltid andre høgre.

Ho var ”livsbetraktaren”, - tenkte mykje, las mykje.

Gudstru, norskdom, målrørsle og kosthald var sentrale tema.

 

Gudbjørg fekk lett kontakt med barn, lika å teikne med dei, spita, brodere, leike.

Alt skapt, dyr, både ville og tame, og natur, var viktige.

Dyra var ein naturleg del av livet på garden, men geita hadde ei særstilling. Geita har liksom ”ånd”- ho er ”åndfull” som Gunhild skreiv.

Alle syskena var kulturinteresserte, kunne mykje og dreiv med ulik type handverk.

Innbyrdes  praktiserte dei ei klar arbeidsdeling som gjorde at alle oppgåvene glei så greit, og

gav dei rom.

Arbeid og karakteristiske trekk ved arbeida

Dei fleste arbeid etter Gudbjørg er i vev og broderi, men ho prøva seg og på andre teknikkar og  materiale.

I veven arbeidde ho livet ut.

Vevearbeida er i blanda teknikkar, men i hovudsak ein friare variant av åklesmett med enkel slyng. Ho fylgjer ikkje dette konsekvent, og kan såleis ikkje plasserast i ei form eller teknikk.

Det same gjeld for arbeida i broderi, ho løyser opp roseformene og kombinerer fritt.

Tema og fargar er i stor grad tidstypiske, men ho teikna og komponerte sjølv alle mønster/kartongar til arbeida ho laga.

Mønsterteikning dreiv ho mykje med, ein del mønster vart publiserte mellom anna i ”Nynorsk Vekeblad”, det som seinare fekk namnet ”Vekeblad for By og Bygd”.

Arbeida etter ho er mange.

Ulike arbeidstypar

Arbeida som eg har registrert, og som vart vist på utstillinga i 2005,

var ordna i grupper, og blir også vist slik her, i nettversjonen:

  1. Arbeid i vev

  2. Arbeid i broderi

  3. Mønsterteikningar

  4. Arbeid i tredimensjonale former, figurar i ulike materiale

  5. Arbeid i olje

  6. Arbeid i strikk
     

1. Arbeid i vev

Mest alle arbeid i vev har både dyr, menneske, natur og fuglar.

I store arbeid er det heile ordna i grupper eller felt, friser. Kvart felt er skilt frå kvarandre eller ramma inn av bordar eller stiliserte former. Utgangspunkt er det kjende: dyr, arbeid på garden,

på jorda, på støylen, i skogen, husa som høyrde til, reiskap.

Døma, som er representative, syner at motivkrinsen til Gudbjørg er tradisjonell. Likevel skil ho seg ut med at ho også framstiller arbeid som var typiske kvinnesyslar og utstyr som hadde med mat og kvinnearbeid å gjera. Kjelar, grautspann og grautkoking, som td i dette arbeidet. Dette var ikkje vanleg, og slik synleggjorde ho at ulikt arbeid var nødvendig og like viktig. 

Materialbruk, komposisjon og form, farge- og symbolbruk.

  • Materialbruk

    • Ulli renning og ull i innslag, truleg eldre arbeid.

    • Bomull renning og ull i innslag, yngre arbeid.

    • Melert renning i tynnare bomullstråd på ein del arbeid.

    • Bomull renning og filler som innslag i to seinare arbeid
      Det meste av garnet plantefarga ho sjølv.

 

  • Komposisjon 

Større arbeid er som ei forteljing i fleire akter. Slike arbeid har fleire felt plassert etter kvarandre eller over-under kvarandre. Dei viser gjerne eit arbeid eller hending steg for steg eller i fleire situasjonar der kvar forteljing får sitt felt og så vert desse saman til eit heile. Somme er heller smale og lange, veggfriser. Mest alt skjer i flata.
 

  • Fargebruk

Fargebruken avspeglar både tida ho levde i, og hennar eige sinn. 
Mange tidlege skisser er fargesterke, ein seinare periode er nokså ”grå” og tung, men endrar seg til meir sterke fargar att.

Gråtonar i alle valørar, rosaraudt og variasjonar av
gult/oker går att, med islett av andre fargar

Likeins blåtonar og oker.

 

  • Symbol og mønsterelement
    Løparar og puter har enkle mønster med variasjonar over geometriske former og stiliserte blomar og blad, sikksakkbordar og enkle stripekomposisjonar.​

    • åttebladroser i fleire variantar

    • sirkel

    • kvadrat

    • timeglas

    • åttekant -oktogon

    • rombe

    • svastikaformer, ofte svært utbroderte

    • rose

    • tre- og bladformer

    • krossar

2. Arbeid i broderi

Dei kjende rosene på bunad, samt kister og askar, er utgangspunktet.

Nokre arbeid i rein rosesaum har ho og gjort, både i dukar og bunad.

I fleire arbeid løyser ho opp rosene, og set dei saman med andre former.

Somme broderi er svært kompliserte, detaljrike og arbeidskrevjande.

3. Mønster, arbeidsteikningar og skisser  

Av desse arbeida har eg registrert 225 arbeid. Denne delen av Gudbjørgs arbeide er  svært variert, svært spennande.Det er eit så stort tema som eg ikkje kan gå vidare inn på i denne meir generelle omtala. Difor berre nokre døme her.
Alt eg registrerte er samla i ein eigen perm med oversikt.

4. Arbeid i tredimensjonale former, figurar i ymse materiale

I hovudsak har ho laga dyrefigurar, men og dokkefigurar, menneskefigurar med artige uttrykk. Ho har nytta alt frå tekstil til sement i desse arbeida. 

Trur ho har hatt det moro!

5. Arbeid i olje

Arbeid i olje er få. Linjene eller penselstroka er noko ”hakkute”, stingaktige, men friare og meir flyt der motivet er fritt.

6. Arbeid i strikk

Her har eg funne få avslutta arbeid. Det er ein del prøver både på form storleik, mønster og fargar. Truleg er dette førearbeid til ei husflidstevling ho sende arbeid inn til, og der go fekk ein tredjepremie.

Gudbjørg, far, mor, halvsysken og sysken

Far til syskena i Kvammen var Olav Vågslid, (1844-1919). Han var frå Sudistog Vågslid. Han gjekk på lærarskulen i Kviteseid 1864-65, og vart omgangsskulelærar. Då skulen blei fast, vart han tilsett som lærar i Haukeli-Edland skulekrins.

Han vart først gift med Gunhild Gunvaldjord i Haukeli. Dei busette seg i Vågslid som venta var då Olav var eldste son på Sudistog Vågslid, men Gunhild lengta så heim til Haukeli og Gunvaldjord at om litt flutte dei dit. Dei fekk borna Harald, Tone, Åse, Åsne og Gunhild. Gunhild døde lita, berre 4 mnd gamal. Harald vart lærar som far sin og tok etterkvart over garden Gunvaldjord. Han var lærar på Edland, vart verande ugift,og  bygde seg nytt hus i tunet på Gunvaldjord. Åse, som og var aleine, budde saman med han og stelte hus, dyr og mat. Åsne vart gift i nedre Telemark og budde der livet ut. Tone vart gift med Sondre frå Krokmyr. Eigedomen Bratland vart skøyta frå Krokmyr, og dei bygde seg eit stort og staseleg hus i bakkane der. Det trong dei, for familien vart stor, i alt 10 born: Sondre, Olav,Thorvald,Knut, Gunhild, Kari, Åshild, Otto,Tina og Hilda. Tone var den einaste av syskena som fekk etterkomarar, og barna hennar vart omgjevne av  mange gode og interesserte mor- og far-sysken. 

Gunhild, mor til Tone, Åse, Åsne, og Harald, døde ung. Ho vart sjuk, og ingen lækjar fann ut av kva som fela ho. Mannen Olav tok ho med like til Oslo, til Rikshospitalet i von om at dei måtte vita råd, men dei var rådlause, og kort tid etter døde  Gunhild.

Syskenflokken og mor ein vårdag på tunet i Kvammen, truleg på trettitalet.
Frå venstre mor Gunhild, Guri, Gudbjørg, Gunvor, Gunhild og Bjørgulv.

_______________________________________________________________________

Etter noko tid, gifte Olav seg  på ny, med Gunhild (1860-1937) frå Flothyl, som vart mor til "syskena i Kvåmmi", som Gudbjørg var ein del av. Gunhild hadde lært å leva sparsamt, nytte alt som nyttast kunne både i hushald og med fór, skipa alt slik at det rokk til. Ho spann, vov og laga alle klede sjølv.

Då Olav gifte seg med den andre Gunhild, let han garden Gunvaldjord over til sonen Harald. 

1891 kjøpte han garden Kvammen. Garden var mykje til nedfalls både på hus og jord. Hest hadde han ikkje, det vart mange tunge tak og gjeld i tillegg.

Grungebru, Vinjevegen 2424, 3893 Vinjesvingen, Telemark
Kopiering av materiale frå grungebru.no er ikkje tillatt utan avtale.