top of page

Kunst er ein viktig del av dagleglivet på Grungebru

​

Overskrift 2

Tone er kunstnaren på Grungebru
Ho arbeider i ulike format og med ulike materialar. Glimta over er trykk og biletvev. Etterkvart skal vi presenterer meir av det ho har gjort, og det ho jobbar med. Men no litt retrospektivt. 
Tone tok master i tradisjonskunst ved Høgskulen i Agder, avd Rauland i 2009. Bileta frå masterutstillinga som er attgjevne under her, syner mellom anna korleis avisveven er utvikla til meterlange revler som del av og ramme kring resten av masterutstillinga på Skinnarlandsmuseet sommaren 2009 .
Tema for masteroppgåva var spegelåklea, deira formspråk og meiningsinnhald. 

Oppteken av andres arbeid

I byrjinga av 2000-talet tok Tone for seg Gudbjørg Kvammen (1901-1989) sitt mangfoldige arbeid. Tone er oppteken av, og let seg inspirerer av andres arbeid, ikkje minst det arbeid som blir gjort av relativt anonyme kvinner rundt om i bygdene i Vest-Telemark. Ein veit ein del om kararbeid som utskjering, rosemåling, smedarbeid ol, men kvinnehandverk er kanskje mindre påakta.

Gudbjørg Kvammen var frå garden Kvammen i Edland. Ho arbeidde og eksperimentera  med  mange ulike former og materialar,
særleg tekstil, men og olje og figurativt, i tekstil, gips og sement(!).
Tones registreringsarbeid vart ei utstilling på Mjonøy i 2005. Tekst og bilete som blir presentert, er i hovudsak henta frå den utstillinga.
 

Kvinneperspektiv og tidsånd

Gudbjørg Kvammens arbeid.

gudbj%C3%B8rg2_edited.jpg
BILDE5.JPG
BILDE7.JPG

Dette skreiv Tone i forordet til masteroppgåva:

"Det var bøneteppe i muslimsk tradisjon, som vekte interessa mi for åkle som har blitt bruka rituelt og seremonielt i kristen kontekst.
Ei jamføring kunne vori aktuell og
spennande å gjera, men denne oppgåva er avgrensa til å handle 
om spegelåkle, form-språk og meiningsinnhald. [...] ... innhald og meining er tilført åkleet frå fleire store fagområde som folkekunst, handverk, religion og kulturhistorie, er oppgåva vid."

Meir om Tones masteroppgåve 

bottom of page