top of page

Grungebro Hotel var starten

Grungebro Hotel ved Grunge bru vart reist rundt århundreskiftet 1899-1900, straks etter at vegen over Haukelifjell var ferdig i 1899.

Ny veg –  nye mogleghetar

Nyvegen lokka til seg reisande av alle slag. Det var ferdafolk på veg i embets medfør, reisande som dreiv  småhandel, turistar, fiskarar, karar med drifter av sauer, geiter, kyr på veg til fjellbeite, og hestehandlarar frå Hardanger og omkring liggande bygder og byar, på veg til marken.

Vegen over fjellet var vinterstengd. Kvar vår, når vegen på nytt var open, var det ei storhending. Vegen vegavaktarane moka fram, svinga seg oppover, lik ei åme åt han seg fram i dei meterhøge snofennane. Fjella kring ruvde, vidder skein, heldt alt fast og på plass. Nyvegen var ikkje berre trygg og nyttig. Lendet rundt var eit mektig syn å sjå, ei ordlaus sterk sanseleg oppleving attraktiv for ferdafolk og turisten.

Lenger frampå våren, når grøne strå ein såg, når markenstider nærma seg, og hestehandlarane strigla og samla hestane sine, valde fleire og fleire av desse også den nye vegen over Haukeli framfor den meir tungvinde Hardingslepa.

Folka som kryssa fjellet, trong både til mat og seng.

Nokon måtte skipa det til.

Skysskar bygger seg næring

Nils Olsen Svalestuen (1870-1936) frå garden Svalastog i Grungedal, var skysskar. Han åtte  jordteigen Låa, like nedom Grunge bru, på austsida av elva. Etter oppmoding frå hestehandlarar vestafrå, som no byrja fara over Haukeli med driftene sine og trong ein marknadsplass, vart Bruspårmarken halden på Låa for fyrste gong i 1898. Ifylgje kontrakt datert 1898, overlot Nils Olsen Svalestuen, Låa til markensplass mot ei årleg avgift på kr 1 pr hest som vart slept inn på markensplassen. 

Bruspårmarken heldt på til 1927, og var ei vidareføring av den vel kjende Åmyrsmarken på Rauland. Markensdagane var ei storhending! Mykje liv! Mykje arbeid! Mykje moro! Mange hestar skifte eigar, lange akkederingar, god handel og dårleg handel, god mat og drikke, men og fyll, krangel og slagsmål. Folk frå bygdane kring strøymde til både for å sjå, få seg arbeid, selje og handle. Bruspårmarken vart halden til same tid som Åmyrsmarknaden før, dvs andre fredag og laurdag etter Jonsok. Fredag, presis kl 16 opna marken. Nils stod ved inngangen, noterte eigar og kor mange hestar kvar hadde med. Ifylgje Aslak Nordstoga kunne det vera opp til 300 hestar.

Marken gav innkome, men var ei kortvarig, arbeidsintens hending. Nils var klar for meir.

Det året vegen var ferdig, i 1899, kaupte Nils husmannsplassen Bruspåren, på vestsida av elva, av Anne Olavsdotter Bruspåren (1845-1929). Truleg såg han ei framtid i å kombinere drift av marken, skyss, hotell og småbruk. Han var godt mota, stor og sterk. 

 

25. mai 1900 gifte han seg med Karoline Rohdin (1863-1939). Ho var frå Nøtterøy/Tønsberg. Ho hadde arbeidd på hotell i Skien, var dugeleg god til å lage god mat, skipe eit hus, ta vel imot.
Båe var skjønsame, driftige og med stort pågangsmot .

Nils og Lina flyt den gamle stoga på Bruspåren, bygger ho saman med ei anna tømre, kler det heile i sveitserstil, slik husmoten var på den tida, og skriv Grungebro Hotel med store bokstavar på sørveggen. Med det endra Lina og Nils husmannsplassen radikalt.

Det var starten på ei reiselivsverksemd som heldt fram i 100 år.

Hotellet var lite, bygd i to høgder, tidsmessig moderne i utforming, fargebruk og utsjånad både ute og inne.

Gjesteinngangen vende mot vegen, som gjekk gjennom tunet. Ei trapp førde ein opp til ein overbygd veranda, og vidare inn i huset.

Spisesal og Salong

Fyrste høgda var delt i to. Eine delen av huset var for gjestane, ”Spisesal” og ”Salong” var to av dørene merkte. Båe roma var måla lys gule, teppe  på golv, og bregneliknande planter friska opp. Gardinene var enkle, kvite med hekla pyntekant. I Spisesalen gav ei staseleg oljelampe med vid skjerm i kvitt glas og med glaskrystallar, velvære og lys ned på bord og rettar.
Gangen var brei og blå, eit trappeløp førde opp til andre høgda.  

Resten av huset var ein privat del, ”Kjøkken” stod det på døra inn til eit stort, gult kjøkken, ei daglegstoge og kjøkkeninngang.

Huset hadde tre gode jordkjellarar til poteter, grønsaker og drikkevarer.

I andre høgda var det fem soverom for gjestene. Eitt stort blått rom, to grønmåla, to måla gamalrosa.

For å kunna drive ein stad som både var hotell, skysstasjon, småbruk med husdyr og markensplass, trongst det fleire bygningar. I tillegg til hotellbygningen sette Nils og Lina opp fylgjande hus:

  • driftsbygning, ein tidstypisk raud låve der det i ein enden av bygget var rom for arbeidsfolk og matlager. Fiskarar, tenestejenter og dreng budde der. ”Privaten” stod måla på inngangsdøra. ”Privaten” står det framleis i 2018. I andre delen av bygningen var det fjos, stall, vognskjol og høylåe.

  • sommmarkjøkken, for onnefolk, åtskilt frå hovudhus og gjester, låg på nordsida av hovudhuset. Det vart rive tidleg på 50-talet, men foto viser staden det stod.

  • grovkjøkken og rulle, eit lite hus i to høgder, bygd i bakkant av hovudhuset. 
    I fyrste høgda var det grovkjøkken til stell av og oppbevaring av mat, kjøt og fisk. Der var djupe hyller med store blå og brune krukker, eit nettingskap for ost, smør, ei stor brødkasse, mjølk, separator, kinne og anna utstyr og reiskap. Andre høgda på "Rulla, som bygget etterkvart kom til å heite, har to rom, eit med rulle og plass til stell av lintøy og klede, og eit lagerrom for klede. Sjølve klesrulla med steinvogge full av gråsteinsom press, var solid og tung, men alt av lintøy og dukar skulle og måtte rullast. Rulla står på same stad, og er framleis i bruk i 2018

  • badstoge, til røyking og turking av kjøt og fisk. Berre murane står att i dag.

  • eldhus, ved elva, blei skadd av brann på 50-talet, restaurert  2012. Der føregjekk all vask av sengetøy, dukar oa. Elva var skyleplass.

  • to vognskjol, eitt i forlenging av eldhus, for høyvogn, kjerre, og reiskap. Eitt på hi sida av brua til jordbruksreiskap, plog, harv, jordeplekasser, staur, rullar med hesjetrå, gjerdenetting oa.

  • sommarfjos på Låa, krøtera måtte ut av tunet sommarstid. Sommarfjoset var i bruk til utpå 60-talet, finst framleis. Vart på 50-talet flutt lenger opp i beite for å gje tomt til Sjukestoga.

  • steinbu for grisane i  grisetræet. 

  • høysel  på slåtteteigen ved Fiskemovatnet.

  • sætusel og andre sel i Bruspårheie.

  • høy- og lauvstakknåler på Roi i Bronlid og andre stader.

Gjestene kom, bia, sov, åt og drakk. Somme kom med hesteskyss, etterkvart nokon med bil,  somme med buss, sykkel, og nokon til fots langs vandrevegar, som over Bronlid frå Rauland. 
Nils står ytst til høgre på biletet over.

Lina var ein skjønsam hushaldar, raus og omgjengeleg, godt lika. Venleg tok ho imot både bygdefolk og turistar.

Nils og Lina greidde seg godt, gav mange arbeid. Dei fekk ingen barn, men fostersonen Sverre Karlsen (1895-1959) voks opp hjå dei. Andre ungdomar budde også hjå dei i lengre periodar. Grannar har fortalt om hendingar som viser at dei var gåvmilde, og vel omtykte både av familie, gjester og bygdefolk.

Eit lite rim smidd i hop av ein vandrande gjest som kom gåande over Bronli, kan stå som eit uttrykk for det. Margit Ullsvik, frå grannegarden Ullsvik, song det for meg slik:

               

”Å , når eg kjem frampå Bronli roi 

  då ser eg Lina i Bruspor toni,  

  Å!  når eg kjem frampå Bronli hei

 då ser eg Lina så snål og grei!”

Som ung var Nils stor og sterk og tok mange unge lyft, men fekk etter kvart leagikt.  Arbeidsevna hans vart hemma, og han måtte hjelpe seg med stavar. Leigefolk styrde han høg og myndig røyst frå taburetten på verandaen, og dirigerte folka hit og dit med staven som peikepinn.

Værelse kr 4, frokost kr 2

Omsetningsbøker og regnskapsbøker, stempla og godkjende, viser at mange leigde ”værelse”, mange åt og drakk: ”kaffi, smørbrød, frokost, middag, aftens, øl og brus.”    

 

Døme på prisar frå 1930-35:

Værelse             kr   4

Frokost              kr   2      

Middag              kr  2.50

Aftens                kr  2.50

Kaffi                   kr 1.80

Brus                    kr 0,55                      

Øl                        kr 0.55

 

Inntekt på overnatting var utan skatt. Skatt på mat og drikke var 1/11 av omsetninga, alt bokført, og kvittert av lensmannen, ”motteke  Knut Nordstoga”, el dagsett i omsetningsboka boka ”Sent lensmann” .

Siste omsetningsnotat i omsetningsboka er 18. juli 1939. Siste daterte hending er ”Sendt Lensmann Den 15-08-39. Kr 14.78

 

Kortreist mat 

Sjølv produserte dei både kjøt, mjølk, ost, smør, brød og bakverk. Nils lika å fiske. Aure var viktig del av kva dei baud på av mat. Han bøtte garna sjølv, sytte for at båt var tilgjengeleg om gjester ville fiske. Det vart sagt at han endå drog båt oppi Finnebutjønna som turistane kunne bruke. Det var ein lagleg dagstur for dei.

På kveldane sveivde dei på grammafonen, og la til rette for at gjestene skulle trivast og bie.

Kaffi, the, cigarettar og drikke kom lengre vekk ifrå. Brus og øl kom frå Skien. Gamle halmviskar som vinflaskene var pakka i, og adresselappar, syner at dei kom med tog frå Vinmonopolet i Kongsberg til Lunde, derifrå med båten til Dalen, og så med skyss til Grungebro.

 

I 1936 døyr Nils, og Lina blir aleine med drifta av Grungebro Hotel. Fostersonen Sverre, gifter seg med Gudrun Amalie (1900-1988) frå Rjukan, ei av jentene som arbeidde på hotellet. Sverre lika skrive, var svært hesteinteressert og ein god fotograf. I ei årrekke var han redaktør av fagbladet Våre hester. 

Familien etter Sverre bur i Oslo, men har tomt og hytta Grungeheim på Låa, etter han. 

Lina døyr, brått og uventa, tre år etter Nils, i oktober 1939. Brorson til Nils på Bruspåren, som og heitte Nils (1912-1996), son av Olav og Gunla på Svalastog, tek over Grungebro hotell saman med kona Gunhild (1915-1998) frå Bratland i Edland. Dei flyt til Grungebro hausten 1939, og driv staden vidare om lag slik Lina og Nils gjorde. Staden er velhalden, men utan særlege endringar etter han vart bygd, og treng vøling. Gunhild og Nils er i gang med det då 2. verdskrig bryt ut og set mangt på vent, mellom anna straum, som dei får fyrst etter krigen. På slutten av 1940-talet utvidar og byggjer dei om huset, legg inn vatn, vannklossett og anna komfort, og endrar namnet på staden til Grungebru Turistheim.
I 1971, etter 30 års drift, skil dei frå Turistheimen med ei tomt på vel 2 mål, og held fram med gardsdrifta frå nytt gardstun på andre sida av elva. Turistheimen sel dei til Sørlandet og Telemark krets av Norske ungdomsberger (seinare Norske Vandreheimar).

I 1975 flyt Tone, dotter av Nils og Gunhild, og Oscar Johan Garnes, til Grungebru. Dei leiger først, før dei kauper den utskilde tomta og huset i 1977. Dei held fram med turistverksemda, no som vandreheim, fram til 1997. 

Grungebru 23. april 2018

Tone Svalastog Garnes

bottom of page