top of page
 
Brua, staden og folket (1843-2018)

Tekst og bilete på denne sida, er henta frå Tones foredrag "Brua, staden og folket" på møte i historielaget "Sullamrei" hausten 2017. Last ned pdf av heile foredraget her"

Dei første husa på Grungebru med brua i bakgrunnen. Biletet er teke rundt århundreskiftet 1899-1900. Folka forgrunnen, er ukjende. Kanskje er det ein sundag, sidan dei er i fotohumør og finklede?

Brua frå før 1936 med dei karakteristiske "treskjørta" som skjuler brukonstruksjonen er godt synleg. Foto Statens Vegvesen.

Dette biletet er teke 5 år før ny bru kom på plass i 1936. Syner brua og aktiviteten rundt, med høying av for til dyra, som igjen gav mat til gjestene på Grungebro hotell.Fotograf ukjent.

Brua som vi kjenner i dag vart bygd rundt  1840, etter ein Kongeleg resolusjon av 1837, som sa det skulle byggjast ny veg frå Brunkeberg til Gugarden i Haukeli. To storarbeid på denne vegleia var to nye bruer, ei bru ved Åland og ei Grunge bru ved Bruspåren. Nye Grunge bru vart lagt nokre steinkast lenger vest enn brua som var der frå før, men som vi kjenner lite til. Johan Mathias Rye frå Bø planla arbeidet. Forskrifta eller ”tilbodsdokumenta” som vart lagde fram, er svært detaljerte. Dei omtalar både korleis bruene skulle byggjast, og sjølve vegbyggjinga .Stikkrenner og småbruer er skildra i detalj og med mål av alle slag. Ingenting gjekk på slump! Materialar, byggemåte, kostnad, tidsramme og framdrift er nøye omtala, og framifrå attgjeve i Vinje historielag si bok ”Veg og vandring” av 2014.

Ålandsbru og Grunge bru er, i fylgje Tallaksen i Statens vegvesen, bygde på same vis. Dei er/var av type, det dei kalla spennverks-(eller sprengverks)-bru. Materialane skulle vera varige og kortreiste , - meir info ”Veg og Vandring”

 

Dei to bruine vart kostnadsrekna til 3000 spesie dalar,-noko som visstnok var tett på det sluttrekninga au kom på. (s 124)

 

I ” Veg og vandring”  er byggemåten og materialbruk  omtala på s 122  slik:

”faskinndække”, buntar med lange kvistar vart lagt som underlag for ein "flåte" av furutømmer. Stokkane i rekke, 2 alen utanfor murane (1 alen er 62.8 cm) og alltid ligge under vatn.  Desse stokkane ser ein godt også ved Grunge bru.
Når elva var lita og eg var lita, prøva me smøyge oss rundt brukara med å gå på desse stokkane.

Brua som blei oppgradert i 1936, er den ein ser i dag

Statens vegvesen eig framleis bru og den gamle vegsløyfa gjennom tunet på Grungebru. Brukara er over 175 år, verneverdige, men ikkje formelt verna. Brua treng tilsyn og vedlikehald. Då Statens Vegvesen bygde ny bru i 1965, litt lenger nede i elveløpet, forlot dei denne brua, og har sidan ikkje gjort noko med ho. Det som er gjort, har me som bur på Grungebru teke oss av. Me har hatt kontakt med Vegvesenet om dette, seinast  sommaren 2017, men så langt utan svar. Me meiner brua må ivaretakast som kulturminne , og er uro for det vidare vedlikehald av brua.   

Kulturhistorisk er og var Grunge bru ikkje berre  ei bru og del av eit vegsamband, men og ein møtestad, -  tidleg morgon på veg til arbeid, el når ”fager kveldsol smiler” i vest, ein stad å slenge ut eit fiskesnøre, linke el hoppe paradis, kaste på stikka, skrubbe kne, klive på, sykle, danse i markenstid, ein tid og fylgje med på tømmerflotinga, huvestad for ein som vondt leid,  ein kvelving å ro og hjala under, fiske, leike, bade,  hekkeplass for langreiste svaler,–

I dag , framleis er brua stoppestad for turistar, fotografere, sende ei melding, nyte kaffitår og matpakke, sjå beveren frakte mat til huset, fylgje svolene sine vide svingar og elegante stup,  -   framleis ein møtestad.

bottom of page