top of page

Brua før og no

Grunge bru i 1931

Brua som kom opp i samband med vegprosjektet rundt 1840. sett frå sør med brukara og "treskjørta" som skjuler sjølve brukonstruksjonen. Brukara kviler på tømmerstokkar, som igjen ligg på samansurra kvistbuntar. Tømmer og kvist må alltid ligge under vatn, for ikkje å rotne.

Folka som arbeider med høyet iforgrunnen, kjenner vi ikkje namna på.

Brua i 1965 
Grunge bru i 2014

Her på rotur på elva under brua.  Ettersom hovudvegen no går over den nye brua frå 1965, er gamlebrua mest for bygdefolk. Brua er og ein ynda stad for turistar, pga den flotte utsikten oppover vatnet, mot Grungedal og  Haukeli. Brukara er dei same som vart bygd i rundt 1840, både i 1931 og i 2014. Brukonstruksjonen er noko endra, m.a. er "treskjørta" fjerna på nyare bilete.

Les meir om brua 
Meir om brua, staden og folket her
Bilete frå brua - no og i gamal tid...
Biletgalleri
Dagens Grunge bru

Dette er Grunge bru på dagens E 134, sett nedan frå i elveløpet. Brua og den nye vegtraséen blei bygd for å avlaste den gamle når tyngre transport kom i samband med kraftutbygginga på 60-talet.

bottom of page