Spegelåkle-formspråk-meiningsinnhald

Tone tok master i tradisjonskunst ved Høgskulen i Agder, avd Rauland i 2009. 
Tema for masteroppgåva var spegelåklea, deira formspråk og meiningsinnhald. 

I innleinga skriv ho m.a.:

Eg er frå Vinje, og har frå eg var barn, sett åkle i ulike variantar og ulike
samanhengar. Eg reflekterte ikkje særleg over kva fenomen åkle eigentleg var, men
eg fekk ei forståing av at åkle hadde status, og var viktig for mange. 

Seinare, undervegs i utdanning og arbeid, vart åklea synlege for meg på ein annan måte. Særleg vart møte med muslimsk tradisjon og deira bruk av bøneteppe, ein
interessevekkar og påminnar om eigen tradisjon. Både bruk, utsjånad og motivbruk.

 

Ei type åkle vekte ei særleg interesse. Desse åklea har eit sentralt felt midt i
teppeflata. Det vert kalla midtfelt, midtrute eller spegel, og åklea spegelåkle.
Spegel gjev assosiasjonar til ulike materialgrupper og samanhengar, og mange spørsmål melde seg: kva meinte ein med spegel i ei teppeflate? Spegel som i ei dør, spegel til å sjå seg sjølv i, eller spegel som i songstrofa ”å spegla ein himmel av”?

Kvifor er det berre eitt spegelfelt, og det midt på, - og kvifor har dei fleste så tydelege og talande motiv i dette feltet?


Spegelåkle er ikkje noko særeige for Vinje eller Vest-Telemark. Tvert om,
spegelåkle har vori og er i bruk fleire andre stader her i landet, og i store delar av
Sverige. Det forsterka interessa mi, både for bruk og bruksområde, motivbruk og
formspråk. Men fyrst og fremst for kva meining åklea kan ha blitt tillagt, og om det i
dette meiningsinnhaldet er tema som er aktuelle i vår tid. Dette handlar oppgåva om.

Utstilling som del av masteroppgåva

spegelaakle_masterframside.jpg
Framsida av den trykte oppgåva. Illustrasjonen er delar av ei revle av papiraviser laga til utstillinga.
---------------------------------------------
BILDE5.JPG

Som del av masteroppgåva laga Tone ei utstilling med eigne arbeid knytt til same tema: spegelåkle.

Til høgre eit bilete som syner det  sentrale i utstillinga, og i oppgåva,
spegelen.

Last ned heile masteroppgåva her:

Spegelåkle - formspråk - meiningsinnhald

Andre lenker:

Dialog til fjells var tittelen på ein artikkel i avisa Vårt Land, der Tone presenterer norske kisteteppe og muslimske bøneteppe i 2006. 
Lenke til artikkelen Dialog til fjells